Category Archives: Vêr

Kaldt

Siste dagane lettskya. Inne på Vaksvikfjellet var det -10 grader i går om morgonen. Mykje sol i går, mindre i dag. Nattetemperaturar ned til -9. I dag var det mildare, mest på grunn av skydekket. Kortvarig overskya før middag. Eit … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kvitt

Eit tynt lag nysnø i natt, 3 cm. Lettskya og sol i dag, -2 grader. Det var ned i -4 i natt. Utflytande fjørskyer dekker mykje av himmelen. I sume fjell lengre vekk finst det skoddeflak høgt oppe. Stilt eller … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

Vêret i det siste har vore turt og til dels mildt. Godt med sol både laurdag og mandag. Laurdag var det mild bris frå søraust. Søndag skya det til med låge bukleskyer som gøymde fjella. Nesten lågt nok nede til … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

I føremiddag +7 grader, sør lett bris eller svak vind, opplett og skya eller overskya. No i ettermiddag lett regn. Meir nedbør inne i fjella. I går var det nokre lette dropar, men turt heile tida.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Søraust frisk bris, +5 grader, skya. Synnavind i dag, her i dalen vert denne vinden avbøygd og kjem ned frå søraust. Skyene, det er mest bukleskyer, driv frå sørvest. Høgare oppe er der fjørskyer som driv frå vest-sørvest. Desse ulike … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Stjerneklart

Klart, søraust svak vind og -2 grader. Før middag var det lettskya, flau vind og +3 grader.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lagskyer

+2 grader, søraust flau vind, overskya. Eit dekke av lagskyer over himmelen før middag. Seinare skyer i to nivå, det nedste kan vel kallast bukleskyer. Skyene driv frå sør-søraust. Det held nedbøren vekke. I går kveld var der nokre dropar … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tilskying

+3 grader, søraust flau vind og lettskya før middag. No er det nesten overskya, men stort sett berre skyer høgt oppe. I går var det lettskya, +5 grader, søraust svak vind, rennefok på fjelltoppane.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir synnavind

+7 grader, sør liten kuling, skya, stort sett opplett. Det har kome nokre dropar både i går kveld og i dag, men nedbøren er umerkande, og det held seg turt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Komfortabelt

+ 5 grader før middag, +3 etter middag. Stilt og turt. Meir komfortabelt vêr kan det vanskeleg verte i januar. Overskya. Skydekket bremsar temperaturfallet, men noko temperaturfall er ikkje til å unngå i stilt vêr i januar. Såg ein kvitveis … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget