Category Archives: Vêr

Tidleg vår

I dag var det over +15 grader. Overskya og nokre regndropar på føremiddagen, sidan skya opplett og for det meste svak vind. Linerla kom i dag. Same for raudvingetrasten. Måltrasten kom for nokre få dagar sidan. Uvanleg tidleg er dette … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Overskya, sørvestleg, fjella skoddefrie, lett regnvêr, våte vegar, +7 grader, svak vind. Mest berrt under 250 moh, mest snødekt over.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

Over ti varmegrader i dag. No i kveld +6. Flau vind om morgonen, seinare lett bris frå sør. Om morgonen delvis skya, seinare skya. For det meste opplett. Om ettermiddagen nokre regndropar.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Bris

+2 1/2 grad no i kveld. Skya i dag og no, lite drag i skyene, litt sol i dag, lett bris frå søraust sidan om morgonen. Turt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

I dag var det null grader om morgonen, og eit høgt skylag som dekte det meste av himmelen. No midt på dag er det solskin, lettskya, +5 1/2 grad, svak vind.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Turt

+3 grader. flau vind. Stort sett klart, berre langt vest er der skyer, ser ut som bukleskyer. Ned til -6 grader før sola stod opp. Svak austavind sume stader. Marka turkar fort no.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskin

Opp til +3 i dag. Lettskya dag med berre nokre tynne skyer her og der. Sol i 11 timar. Lufta er kald, no i kveld er det -2 grader. Sol tok fort nysnøen unnateke i nordskråningane. I kveld er det … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kulde

Klart unnateke i vest, der det er nokre skoddeskyer, og rukleskyer langt borte. – 5 grader, flau vind. Fem cm snø som kom i natt. I går kveld var det lettskya og sol. Midt på dagen spreidde lette byer med … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tynt snølag

Null grader, skya eller delvis skya, opplett, flau vind. Nokre få cm snø på marka. Minkar til nesten ikkje noko nede ved sjøen. Snøa tett og vått i går ettermiddag.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

For det meste berrt

Har gått ei veke sidan eg skreiv. Mandag var det vestleg, spreidde byer, lite nedbør. Meir nedbør om natta, tysdag morgon var marka kvit, men ikkje ned til sjøen. Tysdag var det nordvestleg, opp i liten kuling nede ved sjøen. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget