Category Archives: Vêr

Mykje sol

Pinsa vart fin. Pinseafta var det heilt klart det meste av dagen, berre nokre små skydottar på ettermiddagen. Litt kjølig i lufta etter gråvêret dagane før, og stilt om morgonen. Sterk solstråling gjorde det varmt, og utrøna bles inn mot … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Bukleskyer

Skya, bukleskyer, +15 1/2, aust lett bris. Tok feil med omsyn til skydekket. No er der ikkje skyer på fjelltoppane, men tidlegare på morgonen låg underkanten på skyene ned til 1300 moh. Då er det bukleskyer. Lagskyene ligg mykje høgare. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Austavind

Overskya, eit dekke av lagskyer, aust lett eller laber bris, +12. Det har kome 3 1/2 mm regn siste døgn, alt dette kom tidleg på dagen i går i form av regnbyer. Elles var det ein del sol innimellom i … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

Siste døgn 12 1/2 mm regn. Av dette 1 mm på eit halvt døgn i går, resten i natt, truleg som byer. Greit at det regnar mest om natta. Men no held regnbyene fram ut over føremiddagen. Det var + … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

+10 1/2, skya, vestleg drag, berre skyer over fjelltoppane, flau vind. I dag for det meste opplett og skya, gløtt av sol sume tider, spreidde regnbyer. I går kveld og i natt regna det mykje. 41 mm på eit døgn, … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Regn, +9, overskya, svak vind, skoddeskyer over fjorden ned til 50 moh. Elles skoddedottar i ulike høgder, og skodde på høgaste fjelltoppane. 2 mm regn sidan i går.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt regn

+12 grader, flau vind, overskya, opplett, turt, regn nokre mil lengre vest. Fjella skoddefrie. I dag har det vore for det meste skya, litt sol midt på dag, av og til nokre dropar. 1 mm i målebegeret etter at det … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya

I dag overskya med ei bleik sol som skin gjennom. Ser ut til at eit dekke av lagskyer ligg over haugskyer. +16, svak vind. Om morgonen var det +9, skya med både fjørskyer, rukleskyer, bukleskyer og skoddeskyer. I går var … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt regn og ein god del sol

I dag overskya. Skoddeskyer dekker mykje av himmelen, og tjukkast ut over fjorden. Underkant på minst 250 moh. +9 grader, svak vind, turt.   I går var vêret fint, og finast i ytre og midtre strok. Mykje sol. Mykje haugskyer inn … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya dagar

For det meste skya siste dagane. Spreidde byer i går. Her traff ikkje nokon av byene skikkeleg, det kom 0,1 mm i ei regnbye på ettermiddagen. Om kvelden vart det lettare, og i natt har vêret vore fint. No er … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget