Category Archives: Vêr

Meir finvêr

I går gjekk temperaturen ned i +13 1/2 om natta, og opp i +25 1/2 (minst) om dagen. Strålande vêr med sol frå morgon til kveld. Lite skyer. I dag var temperaturen ned i +11 tidleg om morgonen etter ei … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Disigt

Enno ein varm dag. Ned til +13 i natt, i dag kanskje like varmt som i går, då det var opp i +24 1/2 grad på det varmaste. Litt disigt i dag som i går. Lettskya i dag også, enda … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skoddeskyer

I går ein varm lettskya dag med mykje sol frå føremiddagen til solnedgang. Opp til +25 grader. Lett bris opp dalen om ettermiddagen. Lite drag i haugskyene, som mest låg i aust og nordaust, og som til dels tok ned … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Torevêr

Varmt i går, +20 kl 8 og +24 kl 20. Skya om kvelden, seint i går kveld kom eit torebye. 7 mm regn i måleglaset til i dag. Turt heile dagen, nokre få gongar har dropar vore merkande. For det meste … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir varme

I dag var det +20 kl 8 og +24 kl 20. Lettskya og ein god del sol tidleg på dag, seinare delvis skya, seint om kvelden skya. Berre skyer høgt over fjella. På Viset bles det lett til laber bris om … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+15 grader før kl 7, stilt. Lettskya, eit tynt lag høgt oppe som dekker mykje av himmelen, mellomting mellom fjørskyer og slørskyer. I går lettskya og varmt, sol det meste av dagen, om kvelden bleikna sola då det drog til … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Heitt

Varmt i går. Over +21 kl 8, og over +20 til langt på kveld. På Viset var det oppe i +31. Lettskya og sol stort sett heile dagen i går. Det kom litt skyer torsdag kveld, så natta i går … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varme

I går var det på det meste litt over 20 grader, og sol heile dagen. Berre sovidt snev av haugskydanning, og nokre små fjørskyer. I dag var det +19 kl. 8, no kl. 19.30 er det +23 1/2. På det … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skoddeskyer i går, sol i dag

Lettskya, nesten klart, berre nokre tynne fjørskyer på himmelen. Dei held seg i ro. Solskin og +13 1/2 kl 7.30. Flau vind. I går var det overskya eller nesten overskya heile dagen. Skoddeskyer som la seg ned til 300 moh. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Litt sol i går

I går starta dagen nesten overskya med låge bukleskyer ned i fjella. 12 grader kl 8. Om føremiddagen var det delvis skya, skyene låg høgare enn fjella. Haugskyer og fjørskyer og solskin. Midt på dag skya det over, om ettermiddagen regna det. Nokre … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget