Category Archives: Vêr

Endeleg turrvêr

Føremiddagen overskya eller skya, spreidde regnbyer og rolege vindtilhøve. Sidan delvis skya eller lettskya, mykje sol, og lett bris frå vest eller sør. Berre haugskyer ei stund, men frå i ettermiddag også fjørskyer på himmelen. Desse driv vestafrå medan haugskyene … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Vått i dag også

+12 no i ettermiddag, opp til +13 1/2 i dag. Regnbyer, 14 mm frå i går kveld til i dag om morgonen, 11 mm i dag til i ettermiddag. Overskya i dag, vestleg skydrag, skoddeskyer ned til 400-600 m.o.h. Vestleg … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Til fjells

Var på Skåla i Loen i går. Nysnø over 1500 m.o.h. På toppen 10 cm snø. Det gjekk greit å gå i lave skor. Der var litt regn i lufta, og ein laber bris frå aust eller sør. Nokonlunde sikt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kort oppklarning

Regnbyene heldt fram på fredag. Vinden minka etter kvart. På eit halvt døgn til fredag kveld kom det 31 mm, så letta det, slik at trettiein millimeter vart den totale nedbørmengda på eit døgn fram til laurdag morgon. På fredag … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

+8 grader, skya eller overskya, vestleg, lett bris, regnbyer. Skodde på dei høge fjelltoppane, litt skodde lengre nede i fjella også. Tjukk nysnø over 1100 m.o.h. 64 mm nedbør på eit døgn.  Regnbyene har vore intense og mange siste døgnet.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Det har regna rikeleg dei siste døgna, med 36 mm frå mandag kveld til tidleg i dag. Temperaturen har falle litt, og over 1300 m.o.h. har det kome eit tynt snølag. Samla sett har denne sommaren vore varm og til … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn

Morgontemperatur på +11 1/2. Flau vind. Overskya, skodde ned til 100-150 moh. Skodda låg enda lågare ned seint i går. I går var det overskya, regn om natta, lett regn ut over dagen, opplett om kvelden. Totalt kom det 6 … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nokre regndropar

Ned til +11 i natt, opp til +16 i dag. Delvis skya, seinare overskya og lett regn, men heile tida turt på marka og ein lett bris frå aust eller nordaust. Om kvelden skya, opplett. For det meste skodde på … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skylag rundt fjella

Ned til +10 i natt, overskya frå morgonen til midt på dag, eit skylag som låg ned til 500 moh. om morgonen og heva seg til over 700 moh. etter kvart. Nordvestleg drag i skyene, seinare på dag skya eller … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Enda ein soldag

Dagen starta overskya med eit skoddelag rundt fjellsidene. Det hadde yra nok til at asfalten var våt, men ikkje meir. Asfalten turka fort opp att. Skydekket, eit lag bukleskyer med underkant på 800 moh, sprakk opp på føremiddagen, og sidan … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget