Category Archives: Vêr

Grått

Ein grå kveld med lett regn og skoddeskyer kring fjell og dalar. Ikkje lengre bris, flau vind no. I dag kom det 2 mm regn på eit halvt døgn.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett regn

+12 1/2 grad i ettermiddag.  Frå i går kveld til i dag om morgonen kom 6 1/2 mm regn. Det skulle tyde noko sånt som 23 mm på eit døgn. Det var opplett i dag morges, og så og seie … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn i heile dag

No i kveld +10 grader, svak vind, overskya, regn, sørvestleg vêr. Lufttrykket har stige litt. Skodde i sume fjell, ned til under 500 m.o.h. Men nokre av dei høge fjella er synlege. Opp til +12 i dag. 17 mm regn … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om flaumar i august

August er ein månad med moderat normalnedbør samanlikna med tida september -januar. Og ikkje er den totale nedbørmengda så variabel som i februar-mars, som sume år er svært turre og andre år har mykje nedbør. Men døgnnedbøren kan vere svært … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett etter kaldfront

+9 grader, ned til +8 1/2 seint på natta. 45 mm regn siste døgn, kanskje 1/2 mm på dagtid i går. Elles kom alt i natt, og truleg seint på natta. Ser på voldveiret.no at der fall temperaturen meir enn … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regn av og til

+15 grader i kveld, truleg over +20 i dag. Spreidde regnbyer, men berre nokre tidels millimeter sidan morgonen. Svak vind eller lett bris frå sørvest. For det meste skya i dag. Sørvestleg drag i skyene. Fritt for skodde i fjella … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Spreidde regnbyer

Vått i dag, spreidde regnbyer og svak vind. Overskya, drag frå sør-sørvest. 0 1/2 mm regn før kl. 8, totalt 1 1/2 mm på eit døgn. +13 grader no. Ned til +9 i natt. Det tyder på lettskya ein del av … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Opplett etter regn

Etter varmen i går kom det 4 mm regn i natt. Regnet slutta om lag kl 7. Då var det +11 1/2 grad, flau vind, skya, litt klar himmel i sørvest eller vest. Skyene dreiv søraustfrå. Desse ligg over fjelltoppane, … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Varmt

Opp til +22 grader i dag. No i ettermiddag +21. Solskin gjennom tynne skyer. Delvis skya, bukleskyer og fjørskyer. Bukleskyene driv sørfrå, og vinden i låglandet er lett bris frå sør. Det har det vore mykje av dagen. Lufttrykket har … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lett overskya

Lagskyer eller slørskyer dekker himmelen denne morgonen. Rett opp anar eg blåfargen gjennom skylaget. Då er det eigentleg ikkje overskya lengre. Ser ut som det held på å bli fint. I stad var der striper av bukleskyer att på himmelen. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget