Category Archives: Uncategorized

Første vårtur opp på Storåsen

12. april: Ser mot søraust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skitur langt fram i Åsrørene

10. april: Komen opp på ryggen frå vestsida og ser mot sør. Det vårast, og ein ringtrast sat i berghammaren. Flau vind frå aust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ski til Eirsdalsreset V

Ser mot Litlebotnstinden, Fremste Skorkja, Heimste Skorkja og Memorgoshornet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ski til Eirsdalsreset IV

Zoomar litt inn. I den sørvende fjellsida under Kvitnykja har sola løyst ut ei fonn frå svaberget.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ski til Eirsdalsreset III

Ettermiddag 8. april: Oppe på Eirsdalsreset. Flau vind frå aust eller nordaust. Godt skiføre. Fjella er frå høgre; Lauparlægda, Lauparen og Brudefølgjet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ski til Eirsdalsreset II

Komen oppover ikkje langt frå Heivatna som ligg litt fram til venstre. Kvitnykja ruvar, og leia vidare går i retning mot denne. Litlebotnsrøra litt til venstre, og Næremstindan heilt til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ski til Eirsdalsreset I

Komen langt innom Grytalisætra. Her er det ei stigning i ein elles lettgått og bortimot flat tur. Grytavasstinden til venstre og Storbotnshornet til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skitur til under Grønnykjen

Ettermiddagstur 1. april: Har gått frå Sollisætra og vestover, og svinga nedanfor Grønnykjen. Godt føre på snø som bar godt og laga passelig med spor. Bortimot vindstilt. Snur her. Ser ned mot Vestresætra midt i bildet. Storfjorden til venstre. Åsryggen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ski oppå Mysenyken

Ettermiddagstur 31. mars: Om lag vindstilt. Lengre nede var snøen oppbløytt på toppen, og fin å gå i. Her oppe er snøen frosen, og med smurningsvalet lugga det. Tid for å snu nedover. Ser vestover med Grønnykjen midt i bildet, … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kveldstur mot heimste Åsrørne

16. mars: Nesten oppe, og det er nok. Liten kuling frå søraust. Det tjuknar mot nedbør etter ein dag med sol. Det har lenge vore fokk på fjella. Snøen har ei viss bering i terrenget nedanfor. Her oppe har det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget