Category Archives: Uncategorized

Fint igjen

Barometeret har stige. I går kveld sprakk skydekket opp, og om morgonen i dag var det klart over land. Ytst på kysten låg det skodde og haugskyer over øyane. Så kom haugskyene over land om dagen. Dei dekte over halve … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Forandring

På slutten av den fine solskinsdagen i går dukka det opp band med fjørskyer på himmelen. Desse viste tydelege meiformer. Dei dreiv sakte frå nord eller nordaust. I natt kom det regn, og framleis regnar det lett i morgontimane. Det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Turt

Denne veka har det vore fritt for nedbør. Skydekket har vore skiftande. Til tider har parti med bukle- eller rukleskyer dekt det meste av himmelen. Tysdag kveld skya det til sørfrå, men lågtrykket gjekk så langt sør at det vart … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mellombels tilskying

Tidleg i dag trakk eit dekke med høge skyer over det meste av himmelen. Draget var frå aust. Midt på dag sprakk dette opp, og på tidleg ettermiddag er det delvis skya, mykje sol, og +17 grader. Det bles ein … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Strålande haustdag

Morgonen var klar, med mykje dogg i graset. Minimumstemperaturen i natt var +5. Dette er litt i overkant for ei klar natt denne tida. Himmelen var klar, men sume stader låg det skodde langs fjellsidene, noko som vart betre synleg … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Klarvêr

I natt klarna det etter den skya gårsdagen. Då kom det ein halv millmeter regn. Unnateke nokre få skoddedottar var det heilt klart i morgontimane i dag. Ut på dagen kom der haugskyer, men desse har vore små, og berre … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Langt mellom regnbyene

I går sprakk skydekket opp. Dei utstrekte skyene minte ikkje om haugskyer. Det kom heller ikkje regn første timane. I staden vart det litt sol, mest i ytre strok. Ut over dagen utvikla haugskyene seg under det flate skydekket, og om … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vått

Siste døgnet regna det 25 mm. Det meste kom på dagtid i går. Morgontemperaturen er +9. Regnet i går var typisk med samanhengande regn som gjekk over til regnbyer. I morgontimane går der enno spreidde byer, men skydekket sprekk, så dagen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regndag

Jamnt regn no i morgontimane. Stilt i omegna. I ly for sørvesten her. Ti varmegrader.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Enda meir varme

Mandag 1. september vart fin med delvis skya og ein god del sol. Morgonen var skya med skodde her og der. Temperaturen var høg. Mange stader var det nok over tjue grader om dagen. Men no er det fuktig. Det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget