Category Archives: Uncategorized

Litt sol att

Regnbyer i natt. Det kom 6,0 mm. Nysnø ned til 700 moh. I dag er det opplett og skya. Rukleskyer og fjørskyer som driv frå sør-søraust. Skodde på nokre toppar, men dei høgaste er skoddefrie. +7 grader før middag. Svak … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opplett

Lett overskya i dag. Lagskyer som har slept ei utydeleg sol i gjennom. Flau vind. +8 grader om kvelden. Turt på vegane og etter kvart også i graset.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nordaustleg

Heile gårsdagen var fin, med delvis skya, berre høge skyer, fjørskyer og rukleskyer, og ein god del sol, i det minste bleik sol gjennom skyer. I dag var det turt og overskya i starten. +3 grader. På sume fjell var … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kjøligare

Enda ein dag med lettskya eller delvis skya og berre høge skyer, fjørskyer og rukleskyer. Solskin, mest bleik sol gjennom skyer. Svak vind. Graset er vått lenge trass i vinden. Mest rukleskyer innover land. Linseform på desse, så det bles … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Delvis skya

Litt sol, og halve himmelen dekt av rukleskyer eller lavare skyer. Nokre har diffus mandelform som vitnar om vind i høgda. Austleg drag i skyene. Også ein del fjørskyer siste døgnet. +10 grader kl 12. Svak vind. Såg ein del … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Rolegare

9,4 mm regn siste døgn. Spreidde regnbyer i går og i natt. I dag er det skya, +11 grader, gløtt av sol, svak vind og sørvestleg drag i både lave og høgare skyer. Bukleskyer dekker over halve himmelen, og rukleskyer ligg bakom og … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lågtrykk

Eit typisk lågtrykk som ikkje er kome for langt i utviklinga er omgitt av relativt kald luft i havnivå unnateke ein sektor sør for senteret. Dette er varmsektoren. Aust for varmsektoren ligg varmfronten, og vestafor ligg kaldfronten. Nedbøren i lågtrykket … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kaldfront

Spreidde haglbyer, for det meste svak vind, og +5 grader om morgonen. Skya, vestleg drag. 38,5 mm nedbør siste døgn. Midt på dag i går kom kaldfronten med kraftig regn. Halvparten av regnet siste døgn kom på 3-4 timar. Sidan har regnet … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vind

Regnet i går morgon ga seg snart. Det kom 0,2 mm etter kl 8, totalt 0,6 mm i dette svake regnvêret. Sidan på dagen var det stort sett opplett. Litt regn i fjella. Svak vestleg vind. I dag er det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lett regn

Overskya. Lett regn av og til i dag. 0,4 mm i måleglaset. +10 grader ute. Vindstilt. Vesleg eller sørvestleg drag i skyene. Heimste Skorkja, Sandegga, Storbotnshornet og Lauparen gøymde i skodde. Fremste Skorkja, Grytavasstinden og Lauparlægda skoddefrie. Nokre skoddedottar ved tregrensa. Skogen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget