Category Archives: Uncategorized

Seinkveldstur til Høgsvora IV

Kl. 23. Snart nede på reset i Kvanndalen. Ser bort på Geitnibba.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Seinkveldstur til Høgsvora III

Komen tett nedom toppen. Ser vestover. Ute i havet er det klarare i vêret, og ytre strok har solskin.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Seinkveldstur til Høgsvora II

No i lysaste veka vart det ein tur til Høgsvora fram mot nattestider. Gjekk lange parti i blaut snø. Dette er lenge før solnedgang, men skodda gjer det grått. Vindstilt på toppen. Ser bort på Næremstindane.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Seinkveldstur til Høgsvora I

Eit parti med vintergrøn mose tett opp for høgaste reset i Kvanndalen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppi Blåfjellet

På tur ned att. Skodda har lagt seg oppe på Blåfjellet, og det tjuknar mot regn. Vest laber bris oppå fjellet, men lengre nede er her lunare. Ser bort i Skurfjellet. Ei heller grå kveldsstemning.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kvitveis

Litt nedom tregrensa minner det meir om vår enn om sommar.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kompakt furu

I terrenget høgt oppafor Giskemo.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppe ved Giskemonibba

Utsyn litt vest for Giskemonibba. Sørvest laber bris og kjølig på toppen. Ei byesky ruvar i bildet, men dagen vart bra med ein del sol. Ørskogvika midt i bildet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mot Giskemonibba

Giskemonibba til høgre. Det uklare er ikkje skodde, men ei snøbye som dreg forbi. Men nedbøren er liten i dag, og snøen legg seg ikkje.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Høgsetra

Veglaus seter med berre murane og grønegraset att.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget