Category Archives: Uncategorized

Lun furuli

10. mars 2018: På skitur i gode løyper. Tre varmegrader og nær vindstilt i terrenget, men her på denne sørvende staden kan det kjennast rett mildt i solskinet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tidleg i mars

4. mars: Ute på ski mellom Vaksvika og Kjersem. Gode løyper med passande feste under skiene. Null grader og svak vind frå aust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Sist i februar

24. februar: I rundløypa som går mellom Kjersemfjellet og Sollisætra. Gode løyper, rolege vindtilhøve og kring null grader. Ser vestover mot Storfjorden ved Søvika.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Inn på Kjersemfjellet og tilbake

11. februar: Komen litt ut av løypa på langrennskiene. Bris frå søraust og tre plussgrader. Gammal snø og litt problem med festesmurninga. Ser mot Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Åsrørene

4. februar: Snart oppe. Godt å ha skogen til å orientere seg i. Nær blindføre elles. Oppå bles det svak vind frå vest, med – 1 grad. Noko tungt å gå i laussnøen, sjølv om der er eit fast lag … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Blåfjellet

3. februar: Like nord for Grytalisætra. Godt føre i preparerte løyper. Kaldt, men godt å vere ute i solskinet. Ser mot Blåfjellet (t. h.) og Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Forbi Grytalia

2. februar: Går mot kveld. Bris og seks kuldegrader gjer det kaldt å stoppe her oppe, men mesteparten av skituren gjekk i skjerma terreng. Litt fokksnø, men også mykje laussnø oppå eit fastare lag. Denne laussnøen var ikkje plagsomt djup. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Kjersemsætra

21. januar: Nær vindstilt, tre-fire kuldegrader i terrenget. Ser mot Høgsvora og Næremstindan.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Sollisætra

20. januar: Gode skiløyper, og også gode skitilhøve i laussnøen. Fem til sju kuldegrader i terrenget, og nær vindstilt. Ser mot Kvitnykja, Lauparen og Lauparlægda i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Morgentur på ski mot Høgreina

9. januar: Ei einsleg furu i terrenget nedafor Høgreina. Sola skin oppi Lauparen (t.h.), Lauparlægda og Kvitnykja. Godt føre i laussnøen. Sakk litt nedi snøen nede ved Grytalisætra. Det kom seg oppover. Her oppe bles det laber bris frå sør. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget