Category Archives: Klima

Om regnvêr i september

September er ein av månadane då det normalt kjem mykje regn. Har vore inne på statistikkane og leitt opp septemberdøgn med ekstra mykje regn dei siste femti åra. Ser ut som der er større sjanse for slik flaumnedbør dersom juli-august … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Våt august

No på den siste dagen i månaden kan vêret oppsummerast. Her i Vaksvika har nedbøren vore over det doble av normalen. Det kjem ikkje berre av at vi har hatt ein våt august i distriktet, men også av at det … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Regn

Regn, overskya, aust-søraustleg drag i dei lave skyene, som ligg omkring 600 m.o.h. Sørvestleg drag i skyene høgare opp. Desse ligg høgare enn fjella. Fjella skoddefrie unnateke toppen av Halvardfjellet på 598 m.o.h. +11 1/2 grad, ned til +11. Flau … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Nedbør tidleg og seint i august

Har sett nærare på korleis nedbøren har fordelt seg i augustmånadane på nedbørstasjonen i Ørskog. På denne plassen har det vore føreteke målingar sidan 1957. Nedbørnormalen for august i perioden 1961-1990 er på 117 mm. Trenden gjennom 52 år viser … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Augustregn

På åtte døgn har her kome omkring 180 mm regn i måleglaset mitt. Dette er eit uoffisielt og litt upåliteleg tal, men i august er det enklare å måle nedbør enn i årstider med snø og drev, eller stor fordamping. … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Nedbøren vest og nord på Sunnmøre

Eit tilbakeblikk på tida 1981-1995 viser at nokre få junidøgn desse åra hadde Ekset i Volda mest nedbør av målestasjonane på Sunnmøre. Der er lave fjell rundt Ekset. Andre stader i Volda har høgare fjell, og sikkert meir nedbør. Der … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Nedbøren kring Hjørundfjorden og Ørstafjorden

Nedbørstasjonane på Hustad ved Sæbø og på Velle i Ørsta er eller har vore av dei som har fått mest målt nedbør på Sunnmøre. Slik desse ligg til, ikkje særleg langt inn frå kysten, og heller ikkje langt nord, er … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Juninedbøren i indre strok

Sjølv om indre strok av Sunnmøre får mindre nedbør enn midtre hender det ofte at nedbøren på enkelte døgn er større. Vêrstasjonen på Overøye hadde ofte mest målt nedbør på Sunnmøre då denne var i drift. Det hender mindre ofte … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Når kjem det mykje nedbør i Stordalen?

I Stordalen vart det i årevis foreteke vêrobservasjonar på Overøye. Dette ligg inne i fjella og viser tilhøva i området mellom Storfjorden og Romsdalsfjorden. Nedbørmengdene på denne stasjonen låg noko over gjennomsnittet for nedbørstasjonar på Sunnmøre. I sume høve fekk … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Når er Ørskog våtast på Sunnmøre?

Har sett på vêrstatistikkar for junimånadane 1981-1995. Det var fleire nedbørstasjonar i drift då enn no. Sunnmørsstasjonane med mest regn var Brandal, Ørsta, Fiskå og Sæbø. Ørskog har middels nedbørmengder for distriktet. Når vêret kjem beint vestfrå får Ørskog mykje regn, … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget