Category Archives: Friluftsliv

Ned frå Klauva

På overgangen mellom Måsvassbu og Isfjorden. Ser tilbake. Måsvatnet ligg hitom fjella i bakgrunnen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Rundskue frå Klauva VI

Utsyn nordvestover. Måsvatnet litt til høgre.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Rundskue frå Klauva V

Ser sørover og ned mot Isfjorden og Åndalsnes. I himmelsjå frå venstre m.a. Trolltindane, Finnan, Taskedalstinden, Skjervan og Middagstinden (midt i bildet), Storbua, Sandfjellet, Sprovstinden og Brustinden. Det næraste fjellet med mørk skuggeside er Skarven.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Rundskue frå Klauva III

Ser mot aust. Kyrkjetaket til høgre, Kjøvskartinden til venstre for midten. Lengre bak stikk Gjuratinden opp midt i linja mellom dei to førstnemnde fjella, og ser tverr ut i forma herifrå. Til venstre for denne og lengre bak stikk Hauduken … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Rundskue på Klauva I

Oppe på toppen 24. juli. Rolige vindtilhøve og berre svake vindar opp solsida av fjellet. God temperatur. Litt disig no på tredje finvêrsdagen. Utsyn mot nordvest.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan VI

Vestleg utsyn. Kan sjå fjell på åtte mils avstand i denne retninga. Fossholtinden, litt av Hareidlandet? og Godøya ligg så langt borte. Rundt Godøya låg det lave skoddeskyer denne dagen, og kvelden etter hadde desse trekt litt innetter fjorden. Men … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan V

Mot sør. Høgstolen ligg litt til høgre i bildet. Hesten heilt til høgre og ikkje i himmelsjå.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan IV

Utsyn søraustover. Det næraste fjellet er Alnestinden med det snødekte platået. Heilt til høgre mot bildekanten ligg Puttegga lengst bak mot himmelsjå, og Karitinden rett til venstre for denne. Litt til venstre for midten av bildet er utsynet ekstra vidt … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan III

Utsyn mot nordaust og aust. Nede i bildet ligg Bispevatnet, og bakafor dette stikk Bispen opp. Høgare opp i bildet og til venstre ligg Trolltindane, med Store Trolltinden stikkande opp i himmelsjå. Bakafor desse stikk Vengetindane opp bakom Trollryggen. Midt … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan II

Utsyn mot nordaust. Ser bort på Isterdalstindane med Isterdalen bakafor. Bispen til høgre opp for Bispevatnet, og Kongen og Dronninga lengre til venstre. Bakom Kongen ligg fjella nord for Grøvdalen på fleire mils avstand, med Klauva rett bakom Kongen, og … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget