Author Archives: fjellutsikter

Vind

Regnet i går morgon ga seg snart. Det kom 0,2 mm etter kl 8, totalt 0,6 mm i dette svake regnvêret. Sidan på dagen var det stort sett opplett. Litt regn i fjella. Svak vestleg vind. I dag er det … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lett regn

Overskya. Lett regn av og til i dag. 0,4 mm i måleglaset. +10 grader ute. Vindstilt. Vesleg eller sørvestleg drag i skyene. Heimste Skorkja, Sandegga, Storbotnshornet og Lauparen gøymde i skodde. Fremste Skorkja, Grytavasstinden og Lauparlægda skoddefrie. Nokre skoddedottar ved tregrensa. Skogen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lave skyer

Skya. Skyene ligg stort sett lavt, for det meste i sidene på fjella. Noko er skoddeskyer omkring 200 moh. Men skimt av ein blå himmel ovanfor.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mykje sol

Lettskya dag med berre fjørskyer på himmelen. Om kvelden skya det over med bukleskyer. Undersida på desse ligg 800 moh.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Strålande dag

Blå himmel og klart, unnateke skodde ned på sume lave fjell. Ti grader på føremiddagen, og flau vind. I går var det overskya til kvelden, då skydekket sprakk. Opplett frå føremiddagen. Det kom 1 mm regn etter kl. 8.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Våt natt

+10 grader. 7 mm i måleglaset. Første regnet kom i går kveld. Sidan har det regna, men ikkje samanhengande. No om morgonen regnar det lett, og skoddeskyene ligg ned til 200 moh. Vindstilt.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Austleg bris

Det heldt seg opplett i går. Skydekket var skiftande, til dels overskya, men aldri tjukke skyer. Midt på dag hindra lagskyene sola i å vise, men etter kvart løyste lagskyene seg opp i rukleskyer. I dag er det delvis skya. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opplett

1,7 mm regn til i dag. Opplett og skya denne dagen, til dels overskya, og lett bris. Berre høge skyer, lagskyer og rukleskyer. Stort sett ikkje sol.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Lite regn

I dag har det vore overskya, seinare skya, og opplett. Bukleskyer dekker mykje av himmelen. No i ettermiddag er det blått bakom, men i føremiddag låg lagskyene bakom og gjorde himmelen mørkare og gråare. I natt kom det 0,7 mm … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skyar til

No om morgonen er det framleis lettskya i aust. I sørvest ligg bukleskyer. I mellom ligg det tynne skyer. Månen viser gjennom desse. Ingen rung rundt månen. Truleg er det slørskyer. Kan også vere lagskyer. Temperatur +7 grader.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget