Author Archives: fjellutsikter

Lett overskya

17 mm regn på eit døgn. Det meste kom i går om morgonen/dagen, litt i natt. I dag har det vore overskya med lagskyer, på føremiddagen så tynt skydekke at sola skein bleikt gjennom og varma. Tiltjukning ut over dagen. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oktoberklima på Sunnmøre

No midt i oktober, med typisk haustvêr, er det lite som minner om eit mildare klima. Denne månaden er eit av unntaka som ikkje viser trend mot høgare temperaturar. Målingar på Vigra frå og med 1958 viser stabil gjennomsnittstemperatur desse … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Snø i fjella att

16 mm regn siste døgn. Ut over morgonen jamnt striregn. Mest opplett fram mot middag, og skya, med vest-sørvest drag i skyene. Snø ned til 800 moh. +9 grader midt på dag. Vinden har minka til svak vind. Skodde på … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Solglytt

Mest opplett i natt. Nesten all nedbøren siste døgn kom før kl 20 i går. I dag tidleg overskya og lett regn som vaks på. Før middag sprakk det opp, med nokre solglytt. Vest-sørvestleg drag i skyene. Berre kort tid før … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regnbyer

Det kom 13 mm på eit halvt døgn til i kveld. No er det +7 og opplett. Skya eller overskya.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Regn

For det meste overskya, regn eller regnbyer. 14 mm på eit døgn. Sørvest lett bris, frisk bris meir utsette stader. Skodde på sume fjell, høge fjell som Grytvasstinden til dels fri for skodde. +8 grader.  

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ruskevêr

Har vore regnbyer i natt. 4 mm i måleglaset til i dag. Mykje opplett i dag. Skya. Spreidde byer. Sørleg bris, kuling utsette stader. Om ettermiddagen regn, men ikkje lenge. Om kvelden vestleg skydrag, skya med bukleskyer og blå bakgrunn. Spreidt … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mørke skyer

+13 grader om morgonen. 0,3 mm regn i måleglaset frå i går morgon. Mildt og overskya i heile dag. Etter kvart tjukkare skydekke, og spreidde dropar frå middagstida. Lett regn ut på dagen, opplett til kvelden. Til tider har det blese … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opplett dag

Regn i går kveld. Regnbyer til utpå morgonen i dag. 7 1/2 mm til kl 8. Sidan letta det, bukleskyer og seinare rukleskyer på himmelen. Litt sol. Svak vind. Om ettermiddagen tiltjukning med fåreskyer drivande frå vest samstundes som bukleskyene … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mildt

4 mm nedbør i går morgon, etter regnbyene dagen før. Gårsdagen var fin, lett skya og litt sol før middag. Fjørskyer og slørskyer først på dagen, seinare tjukkare skyer, men opplett. Sør laber bris oppe i høgda. I dag har … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget