Author Archives: fjellutsikter

Nedbøren på Sunnmøre i sør-sørvestleg vêr

Sør-sørvestlege vindar kan gi mykje nedbør på Sunnmøre, og då som regel som regn i låglandet, også om vinteren. Denne vindretninga kan sume gongar gi samanhengande regn i meir enn eit døgn, og utan at vinden dreier særleg. Då kan … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Flau vind

Søraust flau vind, 0 grader, skya, mellomhøge skyer.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Stjerneklart

Klart, søraust svak vind og -2 grader. Før middag var det lettskya, flau vind og +3 grader.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nedbøren på Sunnmøre i synnavind

Lågtrykk som går langt nok sør slepp nedbøren frå seg lengre sør i landet. På Vestlandet kan synnavinden gi rikeleg nedbør nord til Stad. På Sunnmøre gir synnavinden frålandsvind og svekka nedbør. Men Sunnmøre er ikkje like godt skjerma som … Les meir

Posta under Klima | Kommenter innlegget

Lagskyer

+2 grader, søraust flau vind, overskya. Eit dekke av lagskyer over himmelen før middag. Seinare skyer i to nivå, det nedste kan vel kallast bukleskyer. Skyene driv frå sør-søraust. Det held nedbøren vekke. I går kveld var der nokre dropar … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tilskying

+3 grader, søraust flau vind og lettskya før middag. No er det nesten overskya, men stort sett berre skyer høgt oppe. I går var det lettskya, +5 grader, søraust svak vind, rennefok på fjelltoppane.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Meir synnavind

+7 grader, sør liten kuling, skya, stort sett opplett. Det har kome nokre dropar både i går kveld og i dag, men nedbøren er umerkande, og det held seg turt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Komfortabelt

+ 5 grader før middag, +3 etter middag. Stilt og turt. Meir komfortabelt vêr kan det vanskeleg verte i januar. Overskya. Skydekket bremsar temperaturfallet, men noko temperaturfall er ikkje til å unngå i stilt vêr i januar. Såg ein kvitveis … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjøligare

+5 grader i dag. Sørleg frisk bris. Lettskya. God sikt. Rein luft. Det tyder på at temperaturfallet har vore større i lufta over fjelltoppane enn temperaturfallet på tre grader nede ved fjorden. Her er nokre haugskyer eller bukleskyer. Desse driv … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Synnavind

Synnavinden held fram i dag også. Stiv kuling. Dette er ikkje middelvind. Den er svakare. Vinden er ujamn, og det er vindkasta ein legg mest merke til. I dag er det +8 grader. Vinden verkar avkjølande, men den avkjølande verknaden … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget