Author Archives: fjellutsikter

Skya opplett

Svak vind frå aust, +9 1/2 grad, skya, bukleskyer, rukleskyer og fjørskyer. Dei låge skyene ligg i ro, høgast oppe dreg skyene frå nord-nordvest. Skodde på sume toppar, men ikkje dei høge. 1/2 mm regn siste døgn, dette kom i … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordaustleg

Fredag bles det frå nordaust, og skydekket var tjukkast innover. Opplett natt, morgon og tidleg på dagen, nokre lette regnbyer om ettermiddagen, men stort sett berre nokre dropar. Om kvelden opplett, tjukkast skydekke innover. Ein del sol på fredag. Laurdag … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Overskya

Overskya, bukleskyer, nord-nordaustleg drag i skyene, dei lågaste kjem frå nordaust, skodde over 400-600 moh. Svak vind. Yr av og til, 1 mm regn siste døgn, det meste kom i går som regnbyer tidleg på dagen. +6 grader no, ned … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Nordavind

Skya, nord-nordaustleg, bukleskyer, rukleskyer og skoddeskyer. Ikkje skodde under 400 moh. Lett bris, +6 1/2 grad, ned til +2 i natt. 12 mm regn siste døgn, 8 av desse til kl 20 i går, og 4 det neste halve døgnet til … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Kjølig

Regnbyer, 13 mm siste døgn, om lag halvdelen av dette siste halve døgn, snø ned til 500 moh, skya eller overskya, nordvestleg, svak vind, +4, ned til under +3 i natt.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Regnbyer

+8 grader, ei regnbye no, svak vind. Overskya eller skya i dag, spreidde regnbyer, lenge opplett midt på dag, vest-nordvestleg drag i skyene. 1/2 mm regn før kl 8 i dag tidleg.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Spreidde byer

Turt på vegane enno, men nokre regndropar har kome, og i fjella var der ei bye for ein time sidan. +7 1/2 grad no, ned til +6 1/2 i natt. Skya, nokre skoddedottar høgt i fjella, vest-nordvestleg drag i skyene. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Fugleliv i endring

Sætra på Høgebakken ligg 400 moh. Såg tre ringtrastar på sætrevollen i går. Dette er slik det var før. Ringtrastane har reira sine oppe i fjellsida, men sætrevollen er ein god stad å leite etter insekt. Før heldt gjerne steinskvetten … Les meir

Posta under Fugler | Kommenter innlegget

Mykje sol

Pinsa vart fin. Pinseafta var det heilt klart det meste av dagen, berre nokre små skydottar på ettermiddagen. Litt kjølig i lufta etter gråvêret dagane før, og stilt om morgonen. Sterk solstråling gjorde det varmt, og utrøna bles inn mot … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Bukleskyer

Skya, bukleskyer, +15 1/2, aust lett bris. Tok feil med omsyn til skydekket. No er der ikkje skyer på fjelltoppane, men tidlegare på morgonen låg underkanten på skyene ned til 1300 moh. Då er det bukleskyer. Lagskyene ligg mykje høgare. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget