Author Archives: fjellutsikter

Kuling, turt og kjøligare

+3 1/2 grad. Om morgonen var det +8. Temperaturen går nedover. Lufttrykket er stigande. No er det klart. Dagen var delvis skya og etter kvart skya, ei stund nesten overskya. Relativt tynt dekke av høgtliggande skyer. Om morgonen bles det … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Om oktoberdøgn med mykje nedbør, II

Har sett nærare på nedbørstatistikkar for Sunnmøre dei siste femti åra. Mellom tilfella med mykje nedbør midt i oktober fins det mange slags situasjonar med omsyn til vindretningar. Sume gongar sørvestleg, andre gongar vestleg, nokre gongar nordleg, og til dels … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Tur til Giskemonibba

Gjekk på Giskemonibba søndag. For det meste snøberrt, men lunare plassar i same høgde låg det snøflekkar. Litt is på deler av vatna. På toppen av Giskemonibba var det sør-søraust frisk bris. Tok ei lettvint temperaturmåling og kom til at … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mildt

+10 grader. Turt. Skya, bukleskyer, rukleskyer og fjørskyer. Eit nokså tynt skydekke. Skyene driv sørfrå både høgt og lågt. Små endringar i lufttrykket. Lett bris frå søraust. I dag har det vore opp til +11 1/2 grad. Morgontemperatur +10 1/2. … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Liten kuling

+10 grader, frisk bris eller liten kuling frå søraust, lettskya, to okta skydekke, bukleskyer og rukleskyer, til dels med mandelform, berre skyer høgare enn fjella. Dei lågaste skyene driv frå søraust, høgare oppe driv dei sørfrå. Lufttrykket går ned. Turt … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Bris og turt

+8 grader, har vore mildt i natt, med opp til +10. Søraust lett eller laber bris, turt, skya, bukleskyer drivande sørvestfrå. Dei ligg godt over fjella. Minkande lufttrykk.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Mandelskyer

+3 grader, ned til +2 i natt. Litt rim i graset, elles turt. Aust svak vind, lettskya, høge skyer som dekker over halve himmelen. Mest fjørskyer, i sørvest mange små mandelskyer. Lufttrykket har minka. Ser ut til å gå mot … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Solskinsdag

+4 1/2 grad, klar himmel, berre skyer langt vest, svak vind frå aust, lufttrykket minkar etter å ha stige før i dag. Opp til +9 i dag, ned til 3 tidleg på dagen. Lettskya med nokre fjørskyer, sola har skine … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Lettskya

+3 1/2 grad, som er lavaste i natt. Nesten klart, berre nokre få små skyer på himmelen. Flau vind, jamnt lufttrykk.

Posta under Vêr | Kommenter innlegget

Skya, stort sett turt

+6 1/2 grad, opplett, turt, stigande lufttrykk, søraust svak vind. Lettskya og +1 /2 grad om morgonen. Ned til 0 grader om natta. Skya fort til, føremiddagen skya med søraust lett bris, midt på dag nokre dropar, men turt underlag … Les meir

Posta under Vêr | Kommenter innlegget