Author Archives: fjellutsikter

Over Giskemonibba II

Ser bort på Nysetervatnet midt i bildet. Brustinden og Ytstetinden mot høgre. Ser litt av Svartløkvatnet til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Over Giskemonibba I

21. mai 2016: Komen til topps. Sør lett eller laber bris, men fint å site i solskinet i ly for vinden. Ser ned mot Ørskogvika og utover Storfjorden til venstre, med Liafjellet til høgre for desse. Over midten av bildet … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Rundtur på Halvardfjellet II

Eit lite stykke nede i vestsida. Ser inn etter fjorden med Skotet på andre sida.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Rundtur på Halvardfjellet

16. mai 2016: Komen opp på høgda aust for toppen. Ser ned på Vaksvikbygda, med Halvardsvatnet litt til venstre. Kjølig med frost og skaresnø. Bleikt solskin og berre ein flau vind.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skogfiol

Eit nærbilete av våren i låglandet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppe på Svartløkfjellet

15. mai 2016: Har snøa litt i natt også. Ein svak vestleg vind og spreidde byer, men vêret er i betring. Ser mot sørvest, med ein bit av fjorden utafor Sjøholt synleg.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Svartløkfjellet

Litt sol mellom byene. Komen opp i austsida av Svartløkfjellet. Nyseternakken midt i bildet. E39 går rett hitom denne. Kjølig i vêret, men gauken gol borte i lia til høgre nettopp.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Liafjellet midt i mai

14. mai 2016: Vestavêr og nysnø, men rolege vindtilhøve og langt mellom byene no på ettermiddagen. Fekk ei sluddbye på veg mot toppen. Komen tilbake til austenden av toppryggen her. Fekk ein solglytt og ser mot øvre delen av Solnørdalen. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Hovsnakken

11. mai 2016: Komen opp den bratte lia frå Stordalen og ser inn etter fjorden. Stordalsholmen midt i bildet. Siste solskinsdagen i denne perioden, med ein lett bris frå aust eller nordaust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Akslevollvatnet

8. mai 2016: Vårstemning. Då her enno var litt is på vatnet var det mykje ender utpå, men no har fuglane spreidd seg til andre vatn som har vorte isfrie. Blåskjerdingen i bakgrunnen med snø på.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget