Bilder frå eit for det meste kortreist friluftsliv syner naturen, med vêret, terrenget, planteliv og kanskje fuglar, på Nordvestlandet. Har lagt spesiell vekt på utsynet frå fjell.
Her kan ein gå inn på sida anonymt, men eigne røynsler viser at dei som syner/synte positiv interesse for dette temaet gjerne er folk som kjenner seg marginaliserte eller utdaterte. Folk som er statistisk overrepresenterte på desse åtte punkta:
- Einsame.
- Einslege.
- Trygda.
- Låglønte.
- Utøvarar av utskjelde og avvikla yrke.
- Med plettfulle CV-ar.
- Ytterleggåande i meiningar og haldningar.
- Ytterleggåande alkoholvanar, enten avhalds eller i motsett ende av skalaen. Problem med tenner, utsjånad og kroppslukt kjem desverre lett med på lasset her.
Oppsummert: Utdaterte og for det meste avdøde.
Lista er inspirert av ein utflytta kar frå distriktet. Han brukte kanskje ironi. Lista mi handlar om fakta.
Dei som går ut i naturen for å sjenere og sjikanere er alle saman attraktive og interessante menneske som alltid har med turfylgje når dei går, som både før og etter kan fortelje til eit interessert publikum, og som veit til ei kvar tid kvar det er mobildekning og ikkje fordi dei alltid har interesserte tilhøyrarar å ringe til.
—————————————————————————————————————————–
Her er eit miljørekneskap for turane og fotograferinga: Det har vorte mykje gåing i samband med bildetakinga, pluss sykkel- og bilturar.
1. Lange fotturar gir god matlyst, og etter ein slik tur melder det seg ein hunger etter animalske produkt. Dertil kjem at tungt arbeid gir kraftig overkropp å bere på, slik at ein et meir enn ein lett langdistanselaupar. Når muskulaturen er meir eksplosiv enn uthaldande må ein kanskje ete enda meir.
2. Turane i bil går stort sett slik at eg sit aleine og køyrer på diesel.
3. Er lønsarbeidar i kjøt- og mjølkeproduksjon.
4. Går i skogen og sagar ved, som eg stort sett fyrer opp sjølv.
5. Hadde ei tilknyting til pelsdyrnæringa. Vart gjerne tilkalt ved spesielle høve, og pelsdyrbonden var den ivrigaste til å frette ut om funn av blomster og anna ute i naturen.
Bingo! Fem feil, ein ekte miljøskurk.
——————————————————————————————————–
Ut på fottur – ei lita grøn miljøhandbok:
Punkt 1: Køyr så langt du kan. Byrjar du å gå for tidleg vert du svolten, og prosentdelen animalsk føde aukar. Fysjdå! Du et mykje kjøt og anna frå drøvtyggarane.
Punkt 2: Igjen, køyr langt. Folk set seg ikkje inn i bilen til fattiglus. Køyrer du langt og skryter av det forstår folk at du er pengesterk, og du kan køyre med full bil.
Openheit om mangt er naudsynt dersom ein vil stå opp for noko.