Tur i langrennsløypa på nyåret

9. januar: Komen bort til varmestova. Ser mot Kvitnykja med Kjersemsætra hitom. Temperaturen har kome sovidt på plussida, og vinden har auka til frisk bris frå sør her. Oppe i Lissjebotnsrøra blæs det sterkare, og snøen ryk utfor bratte fjellet (litt til venstre). Skiløypa var rimeleg god, men treng påfyll av nysnø. Dette er ein opptrekkssituasjon, og på ettermiddagen var vinden sterkare, skydekket tyngre, og nedbøren kom etter det var mørkt.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.