På langs over Blåfjellet

7. juni om kvelden: Komen ned frå sørenden av Blåfjellet. Fjellet som ligg i skodda er Kvitnykja, og Kjersemdalen ligg til venstre i bakgrunnen. Ei byge med sludd og regn har letta, og skodda som låg oppå Blåfjellet har også letta. Der bles det svak vind frå vest. Såg nokre fjuper på turen, trur alle var skogarjuper. Kom over eit ringtrastreid med fire egg nede under einebusker. Høyrde også ein enkeltbekkasin i dette terrenget, og ein raudvengetrast song i nærleiken.
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.