Til Sætrefjellet II

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

25. november 2018: Komen opp på Sætrefjellet. Termometeret viste ni kuldegrader, men med vindstilt og solskin var det godt å site her. Høgsvora til høgre, Geitnibba midt i bildet, og langt borte ligg Brustinden og Ytstetinden.

Det var nokså komfortabelt å site her oppe godt kledd, når ein ser på at minus ni grader er ganske kaldt. Ni kuldegrader er førtiseks grader under kroppstemperatur. Utrekning syner at lufttrykket har vore om lag 91 % av trykket ved havnivå. Mindre luft gir mindre varmetap ved leiing og strøyming. Reknestykket vert: (- 46) x (91 %) = – 42. Førtito grader under kroppstemperatur finn ein ved – 5 grader. Konklusjonen er at – 9 grader i litt over 700 moh tilsvarar – 5 grader nede ved havnivå. Det gir ei forståing av at det ikkje kjendest spesielt kaldt her oppe.

Men det er også anna som kan tenkast å influere på komforten. Langbylgja varmestråling, sjølv om denne neppe tyder stort. Solstrålinga er litt sterkare her oppe, spesielt når sola står lågt.

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.