
2. februar: Går mot kveld. Bris og seks kuldegrader gjer det kaldt å stoppe her oppe, men mesteparten av skituren gjekk i skjerma terreng. Litt fokksnø, men også mykje laussnø oppå eit fastare lag. Denne laussnøen var ikkje plagsomt djup. God gli og godt føre. Ser mot Lauparlægda og Grytavasstinden.