Monthly Archives: februar 2018

Sist i februar

24. februar: I rundløypa som går mellom Kjersemfjellet og Sollisætra. Gode løyper, rolege vindtilhøve og kring null grader. Ser vestover mot Storfjorden ved Søvika.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Inn på Kjersemfjellet og tilbake

11. februar: Komen litt ut av løypa på langrennskiene. Bris frå søraust og tre plussgrader. Gammal snø og litt problem med festesmurninga. Ser mot Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Åsrørene

4. februar: Snart oppe. Godt å ha skogen til å orientere seg i. Nær blindføre elles. Oppå bles det svak vind frå vest, med – 1 grad. Noko tungt å gå i laussnøen, sjølv om der er eit fast lag … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Blåfjellet

3. februar: Like nord for Grytalisætra. Godt føre i preparerte løyper. Kaldt, men godt å vere ute i solskinet. Ser mot Blåfjellet (t. h.) og Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Forbi Grytalia

2. februar: Går mot kveld. Bris og seks kuldegrader gjer det kaldt å stoppe her oppe, men mesteparten av skituren gjekk i skjerma terreng. Litt fokksnø, men også mykje laussnø oppå eit fastare lag. Denne laussnøen var ikkje plagsomt djup. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget