
Zoomar opp mot eit snøfylt juv. Formasjonane på kanten av juvet ligg ikkje tett slik det ser ut her. Den til venstre er som ein avlang preikestol mellom juvet til venstre og breen (ikkje synleg her) til høgre, og er jamhøg med Fossholtinden. Denne er grei å gå opp på frå baksida. Den spisse til venstre ligg litt nærare og er ein utilgjengeleg pinakkel som lutar utover juvkanten. Fossholtinden med varde på ligg litt til høgre i bildet.