Monthly Archives: juli 2017

Enda ein tur på Åsrørene

På vestlegaste Åsrørene. Kveldstur. Ser bort på Blåfjellet til venstre og Memorgoshornet til høgre. Lett bris og turt i graset, men terrenget er vått.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Åsrørene

Oppe på høgaste Åsrørene med utsyn ned til Tresfjorden. Lett bris frå nordaust og litt kjøleg i lufta.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Svarttopp

På tur nedatt mot Grytalia.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tilbakesyn mot Fremste Skorkja

Nede ved Lissjebotnsvatnet. Frå turen 25. juni. No er det sume små dropar i lufta, men ikkje verre enn at det går an å fotografere.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Lissjebotnsvatnet

Eit vått parti med lysegrøn mose og molteplanter.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Greplyng

Greplyng fins det mykje av på turre rabbar til fjells. Frå terrenget mellom Fremste Skorkja og Lissjebotnsvatnet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Raudsildre

Fann desse og nokre til i vestsida av Fremste Skorkja, litt nedom toppen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Utsyn mot nord

Lauparen til høgre, og Lauparlægda rett bakom Grytavatnet. Ei av rutene opp dit går beint opp på egga til venstre for toppen der det er minst ur, men bratt.  

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På toppunktet

Ser utover mot nordvest. Ei regnbye ligg uti, og rundt omkring på fleire kantar fans det lette regnbyer å sjå.  Men eg kom heilt ned att til Grytalia utan å å meir enn nokre dropar.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Utsyn mot Storfjorden

Står ute på pynten av fjellet og ser mot nordvest. Enden av Lissjebotnsvatnet nedunder, og Hallvardsfjellet i silhuett mot Storfjorden. Blåskjerdingen oppe til høgre, og vidare mot venstre Storfjellet og Urdfjellet i synsranda.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget