Nordryggen på Heimste Skorkja I

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Komen opp på fjellskuldra, og ser utover Storfjorden. Halvardfjellet midt i bildet. Ser litt av Dyrkornbygda til venstre. Blåskjerdingen langt ute til høgre. I horisonten vidare mot venstre ligg mellom andre Storfjellet og Gamlemsveten, og Godøya stikk opp litt til venstre i bildet. Vinden her oppe er ujamn, i middel frisk bris, og kjem frå sør-sørvest. Sju plussgrader er mildt for årstida, men det var godt å kome ned i den lune vestsida av fjellet att. Den bratte fjellsida opp hit var turr og god å gå i. Ikkje frost heller.

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.