Monthly Archives: september 2016

Barstadskaret – Grøthornet VI

Snart nede på Hesteryggen. Myrgras med haustfargar.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Barstadskaret – Grøthornet V

Eit lite jordras har gått i fjellsida mellom Trongegga og Storevatnet. Frå regnvêret for ein og ein halv månad sidan.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Barstadskaret – Grøthornet IV

Ser bort på Klovetinden og fjellplatået opp for Haugbotnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Barstadskaret – Grøthornet III

25. september 2016: Oppe på Grøthornet. Liten kuling frå sør. Uvanleg varmt haustvêr gjer turen komfortabel likevel. Hundre meter nede på austryggen er vinden sterkare, minst stiv kuling. Ser mot Ramoen litt til venstre, og Middagshornet til høgre. I bakgrunnen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Barstadskaret – Grøthornet II

Det varme haustvêret får greplyngen til å blomstre for andre gong. Det er tidleg på sommaren at denne arten har si rette blomstringstid.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Barstadskaret – Grøthornet I

Nedafor Trongegga. Ser mot Romedalen med Kolåstinden i midten.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Steingardstinden II

Komen ned att i Kvanndalen, rett sør for høgaste overgangen til Ørskogfjellet. Steingardstinden tek seg herifrå ut som ei fjellskulder litt til venstre mot himmelsjå, og toppen på Høgsvora som ein liten kul litt til høgre for midten av fjellryggen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Steingardstinden I

24. september 2016: Oppe på Steingardstinden. Vinden er minst liten kuling, frå ei retning litt vest om rett sør, og gjer det hustrigt å vere her. I motsett lei regnar det lett, men vinden held steinane turre heile tida. Ser … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kveldstur på Geitenibba

Ein triveleg kveld. Lufta er mild, og vinden lett eller laber bris frå sør. Ser utover Storfjorden med Snaufjellet i silhuett til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Til Tretindanibba XIII

Går mot kvelden. Komne ned på Eidsheia att. Herfrå teiknar Indreeidshornet ein spiss mot himmelen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget