Monthly Archives: mai 2016

Opp mot Svartløkfjellet

Litt sol mellom byene. Komen opp i austsida av Svartløkfjellet. Nyseternakken midt i bildet. E39 går rett hitom denne. Kjølig i vêret, men gauken gol borte i lia til høgre nettopp.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Liafjellet midt i mai

14. mai 2016: Vestavêr og nysnø, men rolege vindtilhøve og langt mellom byene no på ettermiddagen. Fekk ei sluddbye på veg mot toppen. Komen tilbake til austenden av toppryggen her. Fekk ein solglytt og ser mot øvre delen av Solnørdalen. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Hovsnakken

11. mai 2016: Komen opp den bratte lia frå Stordalen og ser inn etter fjorden. Stordalsholmen midt i bildet. Siste solskinsdagen i denne perioden, med ein lett bris frå aust eller nordaust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Akslevollvatnet

8. mai 2016: Vårstemning. Då her enno var litt is på vatnet var det mykje ender utpå, men no har fuglane spreidd seg til andre vatn som har vorte isfrie. Blåskjerdingen i bakgrunnen med snø på.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Geitnibba og Vestrefjellet V

På Vestrefjellet. Ser ned mot Storfjorden med åsryggen ut mot Gausneset litt til høgre for midten av bildet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Geitnibba og Vestrefjellet IV

Komen ut på Vestrefjellet. Ser mot Høgsvora midt oppe i bildet, og Geitnibba nærare og lavare til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Geitnibba og Vestrefjellet III

Ser ned i Skarbøbotnen frå Geitnibba.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Geitnibba og Vestrefjellet II

8. mai 2016: Toppen av Geitnibba. Laber bris frå sør og relativt høg lufttemperatur. Fjella med sol på er f.h. Sprovstinden, Ytstetinden og Brustinden.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Geitnibba og Vestrefjellet I

Kvanndalen er ein snøplass. I år er dalen ekstra kvit til å vere 8. mai.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nyseternakken

7. mai 2016: Berrmarkstur der eg knapt gjekk over snø. Sør lett bris og mildt oppover ryggen av fjellet. Ser vestover med ein flik av E39 synleg. Fjella er(f.v.) Lebergsfjellet, Svartløkfjellet og Frostadtinden. Storfjellet langt ute. Litt av Svartløkvatnet litt … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget