Monthly Archives: april 2016

Nedafor Vestresætra

Kom hit neste dagen også. Snøen litt fast i øvste laget, men ikkje skikkeleg bereevne. Stilt i vêret og sol av og til.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nysnøtur mot Vestresætra

23. april og mykje nysnø litt oppe i høgda. Her på litt over 300 m.o.h. ligg det 55 – 60 cm nysnø oppe på den fastare snøen frå før siste to døgn med snøfall. Snudde allereie før Vestresætra på denne … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Utsyn mot Årskogfjellet

17. april 2016: Inne i dalen i Nordre Vartdal.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Vartdal

17. april 2016: Oppe på Lissjesandfjellet. Vartdalsfjorden og litt av bygda Vartdal. Bergehornet til venstre, litt dekt av skodde. Vindstilt.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppe på Blåfjellet

10. april 2016: Har klarna opp no om kvelden, etter ein skya ettermiddag. Laber bris frå aust eller nordaust her oppå. Ser mot Grytavasstinden, Storbotnshornet, Fremste og Heimste Skorkja. Godt skiføre og god glid ned att.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Akslevollvatnet

Lite is att på vatnet, og ein del ender symjande utpå. Dei andre vatna i nærleiken er enno isdekte. Ser Blåskjerdingen beint i bakgrunnen, og noko av Frostadtinden til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppå Vêrahornet

10. april: Strålande klart og lett bris frå søraust eller aust. Snøen enno nokså fast på vegen oppover. Ser ned på Sjøholt og Ørskogvika med Liafjellet til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mellom Vestresætra og Vestrefjellet

9. april: Komen eit stykke opp for Vestresætra. I starten var skiføret ikkje særleg godt, men betre etter kvart, og herifrå og oppover var det flott føre med pulversnø oppå eit fast lag med eldre snø. Vindstilt her, lengre oppe … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget