Monthly Archives: januar 2016

På Kjersemfjellet

Nysnø og nypreparerte løyper. Lett bris eller svak vind frå sørvest. Fjellryggane er noko snaue og avblesne etter stormen som nyleg var, men siste snøen har falle rolegare. Kvitnykja nesten midt i bildet, Lauparen og Lauparlægda litt til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarskitur i mildvêr II

Ser vestover. Vaksvika litegrann til venstre, Storåsen i midten, Søvika rett bakom Storåsen. Grønnykjen til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarskitur i mildvêr I

24. januar 2016: Komen opp på ein høgderygg. Sør laber bris og plussgrader. Rolegare vindtilhøve før på dag og lengre nede. Tung laussnø å trakke i på vegen hit. Høyrde drønn i snøen rett som det var. Altså skredfare i … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ved Sollisætra

Mildvêret har avløyst kulden. Sørvest bris og varmegrader. Laussnøen er tung å trakke i. Ei lysning i skydekket i sør. Heimste Skorkja litt til venstre. Bolleberget nærare og litt til høgre.

Posta under Uncategorized | Éin kommentar

Skarbøbotnen i januar

Litt blått vart det i dag også. Og her nede er det lunare enn oppe på fjellryggane. Ser mot Koldafjellet beint fram i bildet. Myrane er frosne. Gamlesnøen er hard. Ein del is i terrenget.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Koldafjellet i januar

Lett bris frå sør-sørvest og -7 grader. Turt nok til å gå oppover ryggen utan å møte for mykje skaresnø. Ser mot Brustinden og Ytstetinden til høgre. Litt av Svartløkvatnet synleg til venstre. Blåskjerdingen heilt til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarkulde på Geitnibba II

Ser mot Snaufjellet. Blåskjerdingen til høgre i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Januarkulde på Geitnibba I

Ser mot Høgsvora. Temperaturen er -13, og vinden lett bris eller svak vind frå sør. Eit tynt lag pulversnø oppå lyng, berg eller skare. Is i terrenget, til dels vanskeleg å sjå, gjorde turen litt krevjande lengre nede.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestom Barstadskaret II

7. januar: Ser mot Middagshornet, med Romedalstinden til høgre, og Ramoen stikkande opp til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vestom Barstadskaret I

3. januar 2016: Ser mot Trongegga til venstre, Lissjedalen i midten og Grøthornet til høgre for denne. Klovetinden sovidt synleg bakafor. Flau vind frå aust eller nordaust, og rimeleg god vintertemperatur. Kom bort i solskinet litt nærare Trongegga. Isete i … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget