Monthly Archives: juni 2015

Oppi Blåfjellet

På tur ned att. Skodda har lagt seg oppe på Blåfjellet, og det tjuknar mot regn. Vest laber bris oppå fjellet, men lengre nede er her lunare. Ser bort i Skurfjellet. Ei heller grå kveldsstemning.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kvitveis

Litt nedom tregrensa minner det meir om vår enn om sommar.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kompakt furu

I terrenget høgt oppafor Giskemo.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppe ved Giskemonibba

Utsyn litt vest for Giskemonibba. Sørvest laber bris og kjølig på toppen. Ei byesky ruvar i bildet, men dagen vart bra med ein del sol. Ørskogvika midt i bildet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Mot Giskemonibba

Giskemonibba til høgre. Det uklare er ikkje skodde, men ei snøbye som dreg forbi. Men nedbøren er liten i dag, og snøen legg seg ikkje.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Høgsetra

Veglaus seter med berre murane og grønegraset att.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Giskemonibba

Vêret tjuknar til. Liten kuling frå sør på toppen, men det er lunare straks nedom. Ser mot Storfjorden og Ørskogbygda. Vêrhornet og Liafjellett går i eitt til høgre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Dynjafossen

Smeltevatn og tilsig frå myrar gjer fossen stor for tida.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kveldstur på Liafjellet

Ørskogvika nedunder, og Storfjorden både til høgre og innover i bakgrunnen. Gausneset til høgre midt oppe i bildet. Vest lett bris og kjølig i lufta. Stort sett opplett denne kvelden.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Raudsildre

I sørvestsida av Middagshornet, om lag 800 m.o.h.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget