Monthly Archives: mai 2015

Ved Syltesetra

Ein grå siste maidag. Lengre vest regnar det lett. Ser ut over det vidstrakte myrlendet som vert kalla Måslia. Midt i bakgrunnen Snaufjellet og Giskemonibba innhylla i skodde på toppane.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Morgon på Lebergsfjellet II

Ser sørover. Nysnø og svak vind frå søraust. Nede i lia her gol gauken eit kvarter etter dette.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Morgon på Lebergsfjellet I

17. mai 2015: Ser vestover. Akslevollvatnet nede i midten av bildet. Litt innzooma.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Morgontur på Snaufjellet III

Kvitveisen står i si finaste blomstring oppe på høgde med sætrane.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Morgontur på Snaufjellet II

Komen ned til gamle Lisetsetra.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Morgontur på Snaufjellet I

16. mai: Litt nedafor toppen. Ser ned mot Ørskogvika midt i bildet. Vêrahornet nærare til høgre. Sørvest lett bris. Har nettopp passert ei kortvarig og lett snøbye.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nysnø på Nyseternakken

14. mai: Ved varden nesten til topps. Kjølig i lufta, innimellom litt nedbør med kvitt i, svak vind. Det har kome nysnø om natta. Ser ned på Nysetervatnet og Svartløkvatnet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Vårmorgon på Geitnibba

9. mai: Ein siste skitur denne våren. Nede i Kvanndalen er der mykje snø. Gjekk til fots opp bratta mot toppen på for det meste berr fjellrygg. På toppen er det frisk bris frå sør eller sør-sørvest, snøen er hard. … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Det vårast til fjells

Gjekk opp på Vestrefjellet på berre ryggar og over korte snøstrekningar. Sør frisk bris oppå her. Ser vestover.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Strålande vårkveld III

Nede i dalen er det grønt. Fjellet i bakgrunnen er Snaufjellet, og langt ute til venstre ligg Blåskjerdingen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget