Monthly Archives: februar 2015

Kuling på Vestrefjellet

Bra skitur på skaren på kryss og tvers oppover. Men her oppe er vinden om lag sterk kuling frå sør-søraust. Berre å renne nedover til litt lunare lende.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nysnø og tur til Skaret

Etter ein tur til Barstadskaret, der det bles sør laber bris og låg ein god del nysnø. Dette er langt på nedattvegen. Ser ut mot Melshornet på Hareid, med sol på. Til venstre Årskogfjellet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Enda ein tur oppå Skaret

Stoppar på Hesteryggen. Her er det mindre vind enn oppe på Barstadskaret, der det bles kuling frå sør. Ser Trongegga til høgre og Årskogfjellet i bakgrunnen.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tur til Skaret

Ser mot Middagshornet, Hallehornet og Romedalstinden. På ettermiddagen er det eit stykke til å gå for å få solskin, men oppe på Barstadskaret var det sol ei stund til etter dette, og fint med berre flau vind frå søraust.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nordvestvêr

Perioder med kuling, og kortvarige haglbyer. Men som turvêr er dette bra nok i låglandet. Vinden i ryggen på vegen oppover til dals, turr og nesten frosen veg, og glimt av blå himmel. Ser mot eit av fleire fjell som … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skitur i laussnø

Endeleg oppe på Barstadskaret. Til sæters var det snøscooterløype og lett å gå, vidare var det tungt med over tretti cm laus snø på skaren. Her oppe er det lett bris frå sør. Ser mot Romedalstinden, Kolåstinden og Høgehornet. Turen … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Fremst i Romedalen

Ser opp i Middagshornet. Skaresnø med eit tynt og ujamnt fordelt lag pulversnø oppå. Kaldt og delvis skya, bris frå nord utsette stader nede i dalen, nordaustleg drag i skyene.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget