Monthly Archives: januar 2015

Vinterkveld

Fine skiløyper søndag ettermiddag.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Innpå Kjersemfjellet

Bris frå sør, og innimellom er det rennefok. Skiføret lengre nede var godt i sporet frå ein snøskuter, men her fyk sporet att. Ser mot Kvitnykja.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Nedafor Åsrørene

Sørvest bris i terrenget, laus og ujamn snø og ikkje godt utafor løype. Lett å trakke nytt spor der det var løype frå før.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Midt på vinteren

Trea har fått eit nytt snøfall på seg i rolege vindtilhøve.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Etter solnedgangen

Komen opp på høgda ved Heivatna. Bris frå søraust gjer det litt kjølig. Ei stor opning i skydekket i sørvest gir godt lys til nedattrennet. Fokksnø her oppe gjer at skiføret er vanskelegare enn lågare nede, men alt i alt … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ned frå Åsrørene

Ser mot Kvitnykja, med m.a. Lauparen lengre mot høgre. Nordaust bris oppe på Åsrørene, men allereie her nede i skråninga er det lunare.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Åsrørene

Sola byrjar å skine skarpare. Laus snø og fint skiføre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kuling på Skurfjellet

Oppe på Skurfjellet. Sør liten kuling og rennefok. Her oppe var det laussnø oppå skaren, og litt avblese ute mot kanten. Ser vestover. Gjorde opphaldet kort her.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Opp mot Skurfjellet

Ser bortover mot fjella med sol på. Høgsvora litt til høgre, og Geitnibba til venstre for denne. Sætra i nærleiken er Grytalisætra. Traff godt med skiføre og smurning på dette strekket.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Portal

Høg og slank bjørk som har vorte bøygd av snøfalla i det siste. Skiføret her var ikkje heilt godt på nedturen, med skare som ga etter og ga lite styring.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget