Monthly Archives: august 2013

Rundskue på Klauva I

Oppe på toppen 24. juli. Rolige vindtilhøve og berre svake vindar opp solsida av fjellet. God temperatur. Litt disig no på tredje finvêrsdagen. Utsyn mot nordvest.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Klauva II

Nesten komen opp på Lissje Klauva. Ser mot Kyrkjetaket med Kjøvskartinden bakafor.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tur til Klauva

Ser mot Store Klauva. Lissje Klauva heilt oppe til høgre i bildet.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan VI

Vestleg utsyn. Kan sjå fjell på åtte mils avstand i denne retninga. Fossholtinden, litt av Hareidlandet? og Godøya ligg så langt borte. Rundt Godøya låg det lave skoddeskyer denne dagen, og kvelden etter hadde desse trekt litt innetter fjorden. Men … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan V

Mot sør. Høgstolen ligg litt til høgre i bildet. Hesten heilt til høgre og ikkje i himmelsjå.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan IV

Utsyn søraustover. Det næraste fjellet er Alnestinden med det snødekte platået. Heilt til høgre mot bildekanten ligg Puttegga lengst bak mot himmelsjå, og Karitinden rett til venstre for denne. Litt til venstre for midten av bildet er utsynet ekstra vidt … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan III

Utsyn mot nordaust og aust. Nede i bildet ligg Bispevatnet, og bakafor dette stikk Bispen opp. Høgare opp i bildet og til venstre ligg Trolltindane, med Store Trolltinden stikkande opp i himmelsjå. Bakafor desse stikk Vengetindane opp bakom Trollryggen. Midt … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan II

Utsyn mot nordaust. Ser bort på Isterdalstindane med Isterdalen bakafor. Bispen til høgre opp for Bispevatnet, og Kongen og Dronninga lengre til venstre. Bakom Kongen ligg fjella nord for Grøvdalen på fleire mils avstand, med Klauva rett bakom Kongen, og … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Oppe på Finnan I

23. juli. Komen opp på toppen. Rolige vindtilhøve med flau eller svak vind. Litegrann dis no andre finvêrsdagen. Ser utover mot nord.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Finnan II

Fjellarve

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget