Oppe på Finnan VI

Oppe på Finnan Vi

Vestleg utsyn. Kan sjå fjell på åtte mils avstand i denne retninga. Fossholtinden, litt av Hareidlandet? og Godøya ligg så langt borte. Rundt Godøya låg det lave skoddeskyer denne dagen, og kvelden etter hadde desse trekt litt innetter fjorden. Men i motsetnad til kva som er vanleg for skodda att allereie same kvelden. Av utsynet i dette bildet ligg Smørbottstinden nærast, og Gråsidefjellet rett bakom. Nedanfor og bakafor desse fjella ligg Innfjorddalen. På høgre sida av denne ligg Skjervan, Middagstinden og Nonstinden rekna frå høgre bildekant. Av desse er det berre Nonstinden som sovidt når opp i himmelsjå. Bakom og til venstre for Nonstinden stikk Lauparen opp som ei karakteristisk såte. Lengre til høgre ligg Storbua og Sandfjellet med mykje snø under. Frå denne kanten er det bresidene på fjella som viser, og langt borte mot horisonten ligg Råna med Regndalsbreen, Blåbretindane og Ramoen litt til venstre for midten av bildet.

Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.