Monthly Archives: juni 2013

Tur på Lauparen IV

Komen nedover i fjellsida. Ser austover mot sørenden av Brudefølgjet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur på Lauparen III

Ser mot Lauparlægda, også kalla Sunnmørslauparen. Ein bit av Storfjorden i bakgrunnen.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur på Lauparen II

Ser mot Tresfjorden og Romsdalsfjorden. Laber eller lett bris frå sør på toppen. Denne vinden gjer at haugskyene etter kvart vert vekke.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur på Lauparen I

Komen opp i skaret sør for fjellet. Lite snø i fjellsida i år. Ruta til topps går om lag midt i bildet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Kveldstur til Snaufjellet

Har kome eit stykke ned frå toppen, og ser mot Ørskogvika. Ein kjølig nordaustleg vind til fjells, og turt i marka. Oppe på toppen bles det frisk bris på utsette kantar av fjellet.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Høgsvora II

Fjellrype

Posta under Fugler | Kommenter innlegget

På Høgsvora I

Ein del skodde i dag, men turt i terrenget til fjells. Medan skodda ligg på motsett side av fjellet der vinden kjem frå er her periodevis sikt mot Geitnibba og Storfjorden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Nysæternakken II

Flott syn ned på Nysætervatnet og hovudvegen. Ute til venstre ligg beiteområdet med fellesfjøs og kyr. Frostadtinden er det mest dominerande fjellet midt i bildet, med Mælen bakom til høgre.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

På Nysæternakken I

Fin solskinsførmiddag med nordaust lett bris oppå fjellet. Zoomar sørvestover. Fjella i himmelsjå i det fjerne er m. a. Blåbretindane, Trollkyrkja, Tungremtindane, Synnavindsnipa, Kolåstinden, Hundatinden, Ramoen/Jønshornet, Skophornet, Ramtinden, Trongegga og Klovetinden.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Kveldstur til Geitnibba

Fekk ein fin tur på Geitnibba kvelden 25. mai medan finvêret varte. Lett bris eller svak vind frå nordaust oppe på toppen. Her motiv frå turen nedatt. Ser utover Vestrefjellet/Sætrefjellet. Dagen etter hadde skoddeskyene lagt seg kring fjella.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget