Monthly Archives: mars 2013

Til Eirsdalsreset

Ser Lauparen til høgre, og Brudefølgjet midt i bildet. Ein fin førmiddag med sol og stilt. Gjekk forbi Grytalisætra på vegen hit, og same turen tilbake. Skiføret godt, med særs god glid og mange skiløyper i terrenget. Skaresnøen noko krevjande … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Finvêrsdag på Blåfjellet

Var på Blåfjellet palmesøndag. Sol og klart, stilt og fire kuldegrader. Ser vestover mot Storfjorden. Nedrennet var ikkje særleg godt, med ein isglasur på snøen fleire stader i øvre del, og foksnø litt lengre nede. Betre skiføre nede i dalen, … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Innpå Kjersemfjellet

Kaldt i dag, men sola byrjar å mildne lufta. Eit skispor å gå i, og her på slutten ei skuterløype. Klar til å snu attende. Ser vestover.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Nedrenn frå Sætrefjellet

Ser mot mellom andre Lauparen (litt til venstre).

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Sætrefjellet II

Geitnibba til høgre og Høgsvora til venstre.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

På Sætrefjellet

Komen bort på sida av Geitnibba. Ser nordover mot mellom andre Brustinden, Ytstetinden og Sprovstinden. Svak vind frå sør her oppe i dag.

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Ned frå Kvanndalen

Renner ned att til Vaksvikfjellet. Skiføret er betre her nede med god styresnø. Fjella i himmelsjå er Brudefylgjet, Lauparen, Lauparlægda, Grytavasstinden, Storbotnshornet, og Fremste og Heimste Skorkja.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

I Kvanndalen

Komen opp i skaret på overgangen frå Vaksvikfjellet til Ørskogfjellet. Seks kuldegrader og flau vind her no på ettermiddagen. Ser utover. Brustinden og Ytstetinden til høgre.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget