Monthly Archives: januar 2013

Over Skurfjellet og Halvardsfjellet II

Komen til Halvardsfjellet. Her er det sju kuldegrader og minst svak vind frå sør. Ser tilbake mot Skurfjellet som ligg bortanfor Bolleberget. Kvitnykja, Lauparen, Grytavasstinden, Fremste og Heimste Skorkja og Sandegga ruvar bakanfor. Turen vidare gjekk på vestsida av Halvardsfjellet … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Over Skurfjellet og Halvardsfjellet I

Ser frå Skurfjellet vestover mot Bolleberget og Halvardsfjellet. Åtte kuldegrader og flau vind frå sør her oppe. Nede i dalen nedafor Hjellesætra var det ti-elleve kuldegrader. Turen opp gjekk over frosne markar og hardfrosen snø. Sume stader så mykje is … Les meir

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Tur til Geitnibba i januar II

Komen til topps på Geitnibba. Sju kuldegrader, sørleg flau vind og solskin gjer det godt å stoppe her. Ser vestetter, med Skarbøbotnen og Snaufjellet i framgrunnen. Eit tynt lag av nyare snø i øvre delen, men snøen stort sett hard … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Tur til Geitnibba i januar

Går oppetter fjellryggen mellom Grønnykjen og Sætrefjellet. Ein del berre parti, og snøen er hard å gå på. Ein del blank is i terrenget. Ser vestetter Storfjorden.

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget

Januarkveld på Halvardsfjellet

  Det byrjar smått å skymest, og er eigentleg mørkare enn det ser ut til på bildet. Grått i vêret, opplett etter ein dag med skoddeskyer og småregn. Det er varmegrader her oppe, vått i krattet og ein svak vind … Les meir

Posta under Friluftsliv | Kommenter innlegget