Gjekk på Lauparlægda 30. september. Opp frå vest og ned på nordsida. Vått i marka og noko sleipt. På øvste partiet isete med eit tynt frose lag nedbør på steinane. Glatt og ikkje godt å gå, særleg på nedatturen. På toppen var det null grader, laber bris frå sør eller sør-søraust, og sol det meste av tida. Lunare nede i nordsida, men ikkje sol der. Bilde 1 retta ut Tresfjorden, bilde 2 retta vest mot Vaksvika og Storfjorden, bilde 3 zoomar mot Sandfjellet til høgre, og Prosten, Øspetinden, Svartevasstinden og Mjelthaugen til venstre for dette. Bilde 4: Lite blomster att i marka no. Nokre forseinka blåknappar nede i myrlendet.



