På Søre Snarhornet

 

Tur opp Fladalen til Søre Snarhornet. Vått i marka og noko skodde kring fjella, særleg dei høgaste. Elles nesten overskya. Sørleg lett bris på fjelltoppen. Bilde 1 viser Søre Snarhornet med Fladalsvatnet under i framgrunnen, Midttuvdalen til høgre og Søre Sætretinden gøymd i skodda til venstre. Bilde 2 er frå toppen og viser Ramoen/Jønshornet som stikk delvis fram frå skodda. Bilde 3 viser Romedalstinden og Storkopptindane eit stykke borte. Nærare ligg Lissjehornet til venstre og Nøre Snarhornet til høgre. Bilde 4 er også frå toppen, med nedste enden av Fladalen under, og litt av Hjørundfjorden. Geithornet midt i bildet. Sylvkallen/Storhornet til høgre. Bilde 5 er frå Midttuvdalen og Longenestinden/Breitinden ruvar opp i skodda. Bilde 6 gir eit tilbakesyn på Søre Snarhornet sett nede frå kanten av Fladalen opp for Store Standal.

 

 

Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.