Hadde ein fin morgontur på Høgsvora. Vått i marka. Oppå bles det lett bris frå søraust og litt kjølig. Bilde 1: Ser utover Storfjorden. Langt ute ligg Melshornet med Hareid til høgre og Liavågen til venstre. Noko skodde begge stader. Bilde 2: Ser mot Lauparen, Storbotnshornet og Fremste og Heimste Skorkja. Lengre sør tjuknar det til med skodde på fjelltoppane. (Det skya over ut på dagen med litt regn i fjella). Bilde 3: Ser utover mot Brustinden, Ytstetinden og Sprovstinden. Jutevatnet til høgre. Bilde 4: Komen eit stykke ned på sørryggen byrjar det å verte varmare. Ser tilbake mot toppen, og mot Næremstindane til høgre.



