I nysnø på Halvardfjellet II

Gjekk på Halvardfjellet 27. november. Starta nede ved Halvardvatnet. Snødekt mark heile vegen. Opp mot toppen vart snøen djup, men på slutten kom eg opp i meir avblese terreng, og då heldt eg fram til toppen. Lett snøvêr. På toppen truleg frisk bris frå nordvest. Og ti-tjue cm snø å trakke i. Ute på nordkanten var vinden sterkare, kanskje stiv kuling og rennefok. Eit stykke nedom toppen låg det ein halv meter snø, ujamt fordelt med djupare snødriver. Snøtilhøva med fokksnø oppå lett pulversnø viste at det er fonnfare i bratte fjellsider. Ved to høve sprakk snøen eg trakka i og sakk litt i hop. Nedom 450 m.o.h. minka snødjupna og vinden, og det vart greit å gå. Såg elles ei orrhøne på turen opp.

Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.