Lauparlægda i november

Hestesprengen bleiknar.

Ser vest mot Vaksvika, Storfjorden og Ørskogvika. Fjell og øyar i himmelsjå er frå høgre m.a: Blåskjerdingen, Storfjellet, Gamlemsveten, Godøya, Sula, Melshornet, Romestrandhornet/Festøykollen, Skophornet og Ramoen/Jønshornet (med skodde på toppen).
På veg opp nordryggen på Lauparlægda. Lauparen i midten og Brudefylgjet til venstre.

Mildt vêr og turt i marka laurdag 5. november. Gjekk frå Grytalia og opp nordryggen på Lauparlægda. Der er eit parti med bratt ur på slutten, elles er dette ei grei rute. På toppen var det ca. +6 grader, og laber bris frå sør. Opplett på heile turen. Regn i omegna fleire stader, spesielt i sørvest. Skodde på mange fjell, både i midtre og indre strok. Skodde og regn på toppane i Sunnmørsalpane. På Råna og Jønshornet skodde ned til 1300 m.o.h. Innafor låg skodda høgare, og Skruven var utan skodde. Enda lengre inne låg skodda høgare. Trollkyrkja og Muldalsegga var utan skodde, Torvløysa også, stort sett. Innafor desse var det skodde på dei høgaste fjella. I aust var fjella skoddefrie, både Sandfjellet, Lauparen, Ørastolen og Grønfonnfjellet.

Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.