På Grøtet

Reiste på tur med Stordal turlag søndag 25. september. Bil og ferje til Eidsdalen og opp til nesten 500 m høgde ved Kilsti. Gjekk i skog og langs eit vatn, kom opp om tregrensa nord for Grøtet.  Til dels vått i marka så langt. Turrare høgare oppe. Etter kvart ur og litt berg, opp til toppen. Dagen var overskya og opplett, kjølig så høgt til fjells, og ein lett sørsøraust bris på kanten, litt lunare inne ved varden. Berre nokre små flekkar att av nysnøen. Godt utsyn med skoddefrie fjell i alle retningar. Gjekk ned på vestsida av fjellet, ei smal egg første biten, noko blåsande lengre nede på vestryggen, der det bles liten kuling. Runda etter kvart heia på nordsida tilbake til startpunktet. Ein flokk på knapt ti heiloar, elles stilt for fuglar i dette terrenget. Nedom tregrensa var der m.a. ein flokk raudvengetrast.

Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.