På Litleskorkja

Utsikt ut Tresfjorden. Det låge fjellet i framgrunnen er Storskorkja. Namnet kjem av at det ligg nær bygda og er dominerande.

Rollsbotnskorkja til høgre og Ørastolen til venstre. Auskjeret stikk opp i mellom dei.
Ser bort i skaret mellom Øvstedalen i Tresfjorden og Jasvollbotnen i Stordalen. Fjella er Rollsbotnskorkja til venstre og Brurefølgjet til høgre. Grytavasstinden i midten og litt lengre bak.
Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

1 Response to På Litleskorkja

  1. fjellutsikter's avatar fjellutsikter seier:

    Køyrde til Langesætrane i Stordalen 24. mars. Vêret var opplett etter regn, overskya og med noko vind. Gjekk inn Kleivabotn i flatt og vått lende med noko skog. Etter kvart litt stigning, så noko ur, vidare opp mot skaret sør for toppen var det bratt å gå. Turt lende frå skaret opp mot toppen. Ein del ur, og tung stigning. På toppen bles det liten kuling frå sør. Fjella var skoddefrie, og sikta god. Nære fjell i vest og aust stenger for vidare sikt desse vegane. Ut mot nord-nordvest og innover mot sør-søraust er der lite som stenger, og sikta er lengre. Sterkaste vinden kom eg borti då eg gjekk ryggen sørover. Der bles det stiv kuling. Komen ned i skaret var det lunare, truleg lett bris. Litt meir vind lengre nede att.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.