Til Fremste Skorkja

Grønvieren har sett frø som kan fyke med den lette planteulla.

Dei skarpaste haustfargane til fjells finn ein på dei turre rabbane.

17. september 2011 var ein klarvêrsdag og fin for fjelltur. Gjekk frå Grytalia på førmiddagen og nådde Fremste Skorkja midt på dag. Opp gjennom bratta frå Lissjebotn var det turt. Siste stykket mot toppen var der snø, på toppen ti cm litt ihoppakka snø. Det bles ujamnt frå sør eller søraust, i middel lett bris. Godt å site ved varden og sole seg.

Skremde opp fire skogarjuper i krattet vest for Grytavatnet. To vaksne og to kyllingar. Desse var ikkje heilt utvaksne. Det tyder på eit omlagt kull. Rypebærlyngen stod med fine raude fargar. Nokre få røsslyng og blålyng stod i blomst, elles er blomstringstida forbi til fjells.

Dette innlegget vart posta under Friluftsliv. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.