
Mot horisonten stikk Jakta, Vellesæterhornet, Regndalstindane, Blåbretindane, Tungremtindane, Synnavindsnipa og Hundatinden opp. Til høgre og enda lengre bak syner nokre fjell vestom Hjørundfjorden. Det er Sætretindane, Kolåstinden, Åvasstinden, Fossholtinden og rada av toppar frå Ytstenestinden til Ramoen/Jønshornet. Hammarsettindane og Urdfjellet ligg mykje nærare og litt til venstre. Den jamne grøne fjellryggen bak første dal er Langfjella.